Dato: 12.08.2021

Åtun – gnr 108 / bnr 161

Varsel om oppstart av privat planarbeid

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det varsla om oppstart av privat planarbeid
for utarbeiding av detaljreguleringsplan for:
Åtun, gnr. 108 bnr. 161.
Alver kommune

Informasjon

Bakgrunn
Vestbo BBL ønsker saman med Lindås Pensjonistlag å betre bustadtilbodet for den aldrande befolkninga på Lindås. Svært mange eldre er i dag busett i større einebustader som er utforma som store familiebustader, gjerne over fleire plan. Alver kommune har i dag ein aldrande befolkning, og tilbodet til denne gruppa bør betrast. Lettstelte og funksjonelle bustader for denne gruppa er viktig for at eldre skal kunne bu heime lengst mogleg.

Tiltakshavar og plankonsulent
Tiltakshavar er Vestbo BBL. Plankonsulent er se arkitektur AS.

Planområdet
Planområdet er 13,8 daa, og er lokalisert om lag 300 meter nordaust for Lindås sentrum. Området ligg i all hovudsak innanfor område B1 i kommuneplanens arealdel for Lindås 2019-2031, som er avsett til framtidig bustadområde. Området er i dag ikkje utbygd, og er ein del av eit større grøntområde. Nord for området ligg Solhaugen barnehage. Sør for området ligg fv. 5470, Fonnebostvegen. I vest ligg Lindås Nærsenter, medan området i aust i hovudsak består av bustader.

Planstatus
Planområdet er i kommuneplanens arealdel for Lindås 2019-2031 avsett til bustadføremål, og er ikkje regulert. Tilgrensande til planområdet er reguleringsplan for Fonnebostvegen, plan-id: 1263_201516.

Føremål med planen
Intensjonen med planarbeidet er å legge til rette for bustader, i tråd med overordna plan. Det vert i hovudsak planlagt for seniorbustader, med eit tilhøyrande servicebygg med støttefunksjonar.

Konsekvensutgreiing
Det er vurdert at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing, i samsvar med forskrift om konsekvensutgreiingar.

Dokument til planarbeidet
Dokument knytt til planarbeidet er tilgjengeleg på vår nettside www.se-arkitektur.no

Merknader til varsel om oppstart
Det er ønskeleg med medverknad og samarbeid i planprosessen. Innspel eller merknader til planarbeidet kan sendast skriftleg eller digitalt til:

se arkitektur AS, Fantoftvegen 42, 5072 Bergen

E-post: plan@se-arkitektur.no.

Alle innkomne merknader og innspel til oppstartsvarselet vert sendt til Alver kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist
Frist for merknader er sett til 21.08.2021.

Nærare informasjon om planarbeidet kan fås hos se arkitektur AS v/ Gro Borkner på e-post plan@searkitektur.no eller telefon +47 48 32 21 93.